Slik gjekk det

Etter litt press frå vener bestemte eg meg for å kika litt på Q500 sine sider, synst det virka meir seriøst enn andre alternativ. Eg ville ikkje leggja ut bilete, og eigentleg ikkje betala. Men etter å ha kika ein månads tid på ein kar innpå der, la eg ut bilete – og fekk eit vink same dag. Då slo sommarfuglane kollbøtte og eg betalte for å kunna lesa kva han skreiv til meg. Eg hadde fleire gongar testa matchprosenten, som var på heile 93%.
Profilen hans tiltalte meg, med å ha tydeleg ein del same referansar som eg sjølv hadde. Han hadde og lagt ut eit bilete der han såg ut som om han var den mest lukkelege mannen på heile jorda. Utruleg sjarmerande. I veka som følgde gjekk internett varmt med mailar, vi oppdaga at det var begrensningar på kor lang tid ein kan bruka på ein mail, og på kor lang han kan vera. Veldig irriterande! Ein vil jo skapa eit godt inntrykk og få sagt alt. Livet var plutseleg veldig spennande, og eg kretsa rundt datamaskina, som veps rundt ei sukkerskål.

Vi avtalte å møtast etter ei veke, og var vel alt avstandsforelska, om det heiter det etter berre å ha skrive til kvarandre. Humor, haldningar, kjemi, språk, alt stemte perfekt. Ho som tipsa meg om sida, og utøvde litt press, fekk ein bukett med tulipanar frå oss begge etter tre dagar.
Då eg kom til avtalt stad, sat han der med ei god flaske italiensk raudvin, mitt favorittland! (noko han ikkje visste då), og vi prata samanhengjande i timevis. Den dagen vart vi kjærastar, og søndag som var, var vi ute og feira at kjærleiken har vart i eit halvt år. Det heile har vore som å ha kome heim. Og det er ikkje noko som tyder på at det skal endra seg.
Så lett kan det altså vera om ein berre hiv seg uti!
Pien